Framgangsmåte

Før løslating:

Kontakten mellom brukar av tiltaket og veiledar startast i fengsel. Målet er å bygge eit godt tillitsforhold mellom brukar og veiledar. I tillegg skal det kartleggast behov for bustad, arbeid/aktivitet og kva nettverk brukaren har og kva han ynskjer. Andre tema i desse samtalane skal vera motivasjon, tankar rundt rusproblematikken, økonomi og utfordringar etter løslating. Veiledar har som mål å starta arbeidet med individuell plan mens brukaren fortsatt sonar og å få samla ansvarsgruppa rundt brukaren. Samarbeid med kontaktperson på Nav er sentralt. Oppfølginga i fengsel skal startast 2-3 månadar før løslatingsdagen og med besøk av veiledar minimum anna kvar veke.

Etter løslating:

Bustad: Veiledar møter brukaren ved fengselet og dei reiser i lag heim til bustaden. Den første dagen skal settast av til etablering og evnt.klargjering av bustaden. Viss brukaren ikkje har bustad kan han/ho bu i Kirkens Bymisjon sin overgangsbustad i opptil 3 månadar som eit mellomsteg.

Arbeid: Målet er at brukaren den andre dagen har eit arbeid eller aktivitet å gå til. Veiledar følger brukaren viss det er ynskjeleg. Veiledar er med på å skrive kontrakt med arbeidsgivar og planlegga kva rolle ho skal ha i oppfølginga i arbeidstida. Arbeidstrening innan vaktmesteroppgåver eller kafeen til Kirkens Bymisjon kan vera aktuelt. Det er naturleg å benytta kvalifiseringsprogrammet til Nav.

 

Nettverk/fritid: Me har undervisnings – og samtalegrupper og individuell oppfølging fra ansatte og frivillige som skal vera ein støtte i prosessen mot varig endring og eit liv utan kriminalitet og rusproblem. Frivillige og miljøarbeidar vil vera som ein støttekontakt og kan vera med den enkelte på aktivitetar der det er aktuelt å bygge nettverk.   Ansatte vil vera tilgjenngelege på telefon 24 timar i døgnet den første tida og vera mykje i lag med brukaren. Etterkvart vil ansatte trekke seg meir og meir tilbake men brukaren skal kunne ta kontakt når han har behov også etter lang tid på eigne bein.