Denne veka vert boka ILLEGAL lansert under eit arrangement på Litteraturhuset i Oslo. Det er ei viktig lansering av ei nødvendig bok.
For få år sidan var det nesten ingen i Noreg som kunne noko om papirlause. Ja, med unntak av dei papirlause sjølve. Dei budde her den gongen og, men dei var usynlege. Dei var det som i Sverige heiter ”dom gömda”. For nokre ganske få år sidan visste ikkje folk flest at det i byen eller i nabolaget lever eller arbeider menneske som ikkje har lovlege papir på at dei kan bu i landet. Ikkje ein gong regjeringa visste dette, ser det ut til. I alle fall gjorde dei ingenting for å hjelpa dei papirlause som levde med store, grunnleggjande, udekka behov.

Boka ILLEGAL, av NRK-journalistane Janne Kjellberg og Caroline Rugeldal, oppsummerer på journalistisk vis kva som har skjedd dei siste få åra på dette området. Forfattarane legg vekt på dei einskilde historiane. Som raud tråd får me fylgja Ismail og hans lange leiting etter fast grunn. Dei papirlause sine historier teiknar skarpe bilde av menneske som har fått endelege avslag på sine asylsøknader, men som har ei sterk overbevisning om at det er heilt umulig å reise tilbake til det landet dei ein gong kom frå. Resultatet er eit liv i konstant frykt, eit liv på vent, ei stadig jakt etter nye løysingar.
Kirkens Bymisjon driv samen med Røde Kors landets første og hittil einaste helsesenter for papirlause migrantar. Boka fortel også denne viktige delen av historia, om korleis ideelle organisasjonar såg ei gruppe med store, udekka behov, og korleis ein klarte å gjera noko med det. Men det skjedde ikkje utan kontroversar. Helsesenteret vart til politisk debatt på høgaste nivå, og ei rekkje parti og enkeltpolitikarar åtvara organisasjonane mot å starte eit slikt humanitært tilbod. Allereie no, få år etterpå, framstår enkelte av dei politiske utsegna som boka siterer, som overraskande lite humane. Det er mitt håp at enkelte politikarar, når dei les boka, skal angre på nokre av formuleringane som vart brukt den gongen.
ILLEGAL er samtidshistorie på eit felt der det er viktig med meir dokumentasjon. Tids-spennet i boka går heilt fram til den palestinske flyktningleiren som nett no står utanfor Kulturkyrkja Jakob. Maria Amelie er sjølvsagt omtalt, samt det politiske og juridiske kunststykket det var av regjeringa å endre lova på ein måte som berre var til hjelp for henne, samstundes som innstramingane i asylpolitikken stod fast. Det vart ei Lex Amelie.
Men ILLEGAL er mest ei bok om engasjement og livskraft. Både den ustoppelege krafta som heile vegen driv Ismail vidare i kampen for eit betre liv, og det engasjementet som gjer at heilt vanlege menneske strekkjer seg langt for å hjelpe papirlause medmenneske på den eine eller andre måten. Også etter at regjeringa gjorde spelerommet til hjelparane mindre, og trusselen om straff for å gje hjelp vart sterkare, held menneske fram med å stille opp for dei ein meinar er urettferdig behandla. Ein type human, sivil ulydnad som i boka står i kontrast til ”systemet” sine vedtak og den ibuande logikken som går ut på at systemet veit best og handlar rettferdig.
La meg avslutningsvis referere til intervjuet med Bjarte Vandvik, generalsekretær i ECRE (European Council on Refugees and Exiles). Han peikar på korleis EU har medverka til å mistenkjeleggjera alle asylsøkjarar, og korleis flyktningar i Europa i stadig større grad vert behandla som om dei var kriminelle. Dette er ei linje som er på kollisjonskurs med FN, sidan retten til å søkja asyl mot forfølging er nedfelt i FN sine menneskerettar.
Takk til forfattarane Kjellberg og Rugeldal. Mitt håp er at boka ILLEGAL vert lesen av mange, og at kunnskap om feltet, saman med dei ulike personlege historiane, skal påverka synet på den veksande underklassen av papirlause menneske som oppheld seg i Noreg i dag.
Illegal, Spartacus forlag 2011, ISBN: 9788243006058