av: Johannes Heggland
Denne sommaren har, på grunn av det ufattelege som skjedde på Utøya og i regjeringskvartalet, sett sitt preg på oss alle. Sjokk og protest. Sorg og omsorg. Frykt og fellesskap. Noko ufatteleg har skjedd. Men det har altså skjedd. Og alle me som har opplevd å bu i dette landet 22. juli 2011, kjem til å bera det med oss som eit skilje, eit før og etter. Mange har fått eit fjell av sorg å bera på, fordi dei har mista nokon som stod dei nær. Alle tek me del i sorga og børa på vårt eige vis, i dette som vart ein krise med nasjonale dimensjonar.
Midt i den store tragedien har me sett vanlege menneske som ser heilt uvanlege ut. Unge politikar-spirer, som kort tid etter at dei så vidt berga livet, ser beint i kamera og snakkar visjonært om samhald og demokrati. Til og med om kjærleik. Folk i gatene og på bussen har fått eit nytt lys i blikket, ein varme i handtrykket eller klemmen, som ikkje var der tidlegare. Regjering, statsminister og kongehus står midt i folkehavet og hjelper oss alle til å finne fotfeste i etterkant av skjelvet. Kyrkja viser seg som eit ope hus, der folk med roser i hendene strøymer til for å tenne lys, finne rom for håp, bøn, tvil og tru, og for å dele. Moskear, kultursenter og andre hus vert møtestader på tvers av skillelinjer. Styrken i fellesskapet har ikkje i mi levetid vore lettare å få auga på, har ikkje sett slike avtrykk i oss før, som det me har opplevd i tida etter 22/7.
Korleis skal alt engasjementet forvaltast i det året som kjem? Vil me framleis sjå uvanlge ut, eller vil me i løpet av hausten likna meir og meir på slik vi var før alt dette råka oss?
Eg vil prøva meg på nokre overskrifter som kan peike på oppgåver, område som treng styrken frå fellesskapet
- Mange som er skada på kropp eller sjel av terroren i juli, eller som ber dei tyngste børene av sorg, treng i tillegg til eit hjelpeapparat, kloke og framfor alt hjartevarme medmenneske som er der, uansett. Som held ut den tida det tek, og som ikkje gjev opp håpet. Som ikkje går forbi.
- Mange andre, som ber andre sorger og bører med anna opphav enn terroren den 22/7, treng den same omtanken og omsorga. Omfanget av tragedien i juli, og måten det skjedde på, er ufatteleg. Sjokket og sorga over å miste ein som står ein nær, er dessverre noko me kjenner frå før. Det skjer heile tida. Nokon får beskjed om at dei har mista sine umistelege kjære. Derfor skal omsorga i møte med den sørgjande vere ein del av det vanlege livet, ikkje noko me kun hentar fram i den nasjonale krisen.
- Denne same sommaren har det utvikla seg ein humanitær krise av ufattelege dimensjonar i Aust-Afrika. Millionar av menneske er trua av svolt og hungersnaud. Ei rekkje norske og internasjonale hjelpeorganisasjonar gjer det dei kan for å dempa krisen. Denne hausten skal dei merke at me står saman, at medmenneske angår oss, også dei som bur langt borte.
- Både me i Kirkens Bymisjon og andre kyrkjelege og humanitære organisasjonar, vil også denne hausten og vinteren arbeida for inkludering og nye muligheiter for menneske som lever vanskelege liv i byen vår. Rus, prostitusjon, menneskehandel eller fattigdom, psykisk eller somatisk helse, omsorgssvikt eller demens. Det er mange grunnar til at menneskeleg naud oppstår. Denne hausten og vinteren skal folk kjenne at me står saman og bryr oss om kvarandre.
- Nokre tusen menneske i året søkjer om asyl eller opphald i Noreg. Mange har flykta frå krig og terror, eller dei fryktar vald og overgrep dersom dei reiser tilbake. Denne hausten og vinteren skal menneske på flukt merke solidariteten frå folk flest i Noreg. Til og med dei som har fått avslag, men som på grunn av si eiga frykt har blitt verande i landet, skal kjenne at dei først og fremst er medmenneske.
- Snart er det valg. Etter ein uvanleg kort valgkamp, skal demokratiet utfalda seg i form av stemmesedlar som vert bretta i små avlukker og putta i urner, ein dag i september. Etter tragedien 22/7 sa Mona Sahlin i eit radiointervju i NRK at me nokre gonger vert minna om at politikk er på ekte. Det har me blitt minna om i år. Derfor skal me ta engasjementet med oss til valglokala i september og delta i den demokratiske grunnsteinen og felles-oppgåva som valget er.
09.08.2011
Tags:
engasjement
omsorg