Helsedepartementet presenterte nyleg den nye forskrifta som skal klargjere retten til helsehjelp for personar utan lovleg opphald i landet. Les departementet si pressemelding, og last ned den nye teksten i forskrifta her. Det er bra at retten til helsehjelp vert tydeleg markert frå departementet si side. Det forpliktar. Men rammene for kva type helsetenester ein har rett på, eller kor sjuk ein må vere for å ha rett til helsehjelp, viser at departementet ikkje ynskjer å ha ei meir human linje overfor papirlause med helseplager, enn det ein er forplikta til frå før. Det er med andre ord bra at rommet for heilt grunnleggjande helsehjelp vert definert. Det er ikkje bra at dette rommet er så lite. Her skulle vi ynskt oss at departementet hadde større eller fleire øyre i den høyringsrunden som har funne stad. Kvifor har ein ikkje teke meir omsyn til dei humanitære organisasjonane sine innspel i høyringsprosessen? Kirkens Bymisjon driv, saman med Røde Kors, det einaste helsesenteret for papirlause i Noreg. Erfaringane frå dette arbeidet, og dermed stemmene til våre to organisasjonar i form av høyrings-svar, burde blitt tillagt større vekt.
Forskrifta slår fast at alle har rett på øyeblikkeleg hjelp, og hjelp som ikkje kan vente. Det er framleis opp til den enkelte legen sitt skjøn å vurdere kva som ikkje kan vente, men departementet avgrensar skjønet kraftig når ein definerer “ikkje kan vente” slik:
- uten fare for nært forestående død, varig sterkt nedsatt funksjonstilstand, alvorlig skade eller sterke smerter
Det er med andre ord ganske akutte eller alvorlege tilstandar som gjev rett til helsehjelp. Kirkens Bymisjon skulle gjerne sett at departementet hadde opna for ei rausare linje, der fokus på forebygging og alvorlege kroniske lidingar fekk større plass.
Det beste med den nye forskrifta er at helsetenestene i alle landets kommunar er tydeleg pålagt å yta slik “hjelp som ikkje kan vente”. Ein kan ikkje kreve betaling på førehand, noko som gjer at manglande betalingsevne ikkje skal hindra at folk får hjelp. Dessutan vil alle ha rett til å bli vurdert av helsetenesta. Utan ei slik vurdering, kan ein ikkje slå fast om den enkelte sine helseplager kjem inn under definisjonane i forskrifta. Korleis staten skal refundere kostnadane for slike tenester, er uklart. Men det må vere ein naturleg konsekvens av forskrifta at dei kommunale helsetenestene kan krevja refusjon, også for helsehjelp til papirlause.
Det same gjeld innanfor spesialisthelsetenesta. Også her har alle rett til å bli vurdert, og det må også her finnast ei ordning der staten set av midlar for å finansiere ordninga.
I Sverige var ein tidlegare ute med helsehjelp til papirlause, og ein har komme lengre i arbeidet med å definera desse tenestene med tilhøyrande finansiering. Sjå gjerne SOU 2011:48
Born og gravide vert i forskrifta i stor grad likestilte med personar som har lovleg opphald. Det er bra, men det skulle berre mangle. I tråd med dei internasjonale konvensjonane Noreg har forplikta seg til å følgje, skal born ha tilgang til helsehjelp. Det er naturleg at gravide og ufødde born har den same retten.
Retten til helsehjelp er den same innanfor psykisk helse som på det somatiske feltet. Erfaringar frå helsesenteret for papirlause viser at det er viktig med stort fokus på psykisk helsehjelp. Situasjonen for papirlause er ofte prega av psykisk uhelse, ikkje sjeldan med bakgrunn i traumatiske opplevingar i haimlandet eller undervegs på flukt. Den snevre avgrensinga av “hjelp som ikkje kan vente” er enda mindre relevant når det gjeld psykisk helse. Fordi slik hjelp ofte tek tid, og fordi psykisk uhelse kan vere vanskeleg eller tidkrevjande å definere, burde retten til helsetenester vore definert vidare enn det som er tilfelle. I forskrifta står det:
- Dersom vedkommende er psykisk ustabil og utgjør en nærliggende og alvorlig fare for eget eller andres liv eller helse, har vedkommende uansett rett til psykisk helsevern.
Dette er for seint. Kvifor må helsehjelp vente heilt til alvorlege hendingar er nærliggjande, til dømes sjølvmord? Det er betre å setje inn førebyggjande tiltak tidlegare i sjukdomsutviklinga. Hjelp må gjevast før det går for langt. Helsesenteret for papirlause mottek pasientar som sjølv ber om hjelp, ber om behandling, som er bekymra for si eiga psykiske helse. Dei ser sjølv kor helsesituasjonen er på veg. Då må helsesenteret, eller andre helsetenester, kunne tilby behandling utan å vente på at krisen aukar i omfang.
Folk som er til fare for seg sjølve eller andre, skal i følgje forskrifta få hjelp. Det same gjeld dei som treng hjelp i eit smittevern-perspektiv. Det at desse gruppene skal ha tydeleg rett til hjelp, kan knapt seiast å vere over minstemålet for kva alle må ha rett til, i kraft av å vere menneske. Forskrifta har eit fokus på dei som er ein trussel, enten på grunn av psykisk helse eller faren for smitte. Eit slikt fokus kan fort kamuflera det som må vere den eigentlege grunngjevinga for å gje hjelp til menneske som er sjuke. Folk er folk, heilt uavhengig av opphaldsstatus, nasjonalitet eller andre skillelinjer. Det er ei humanitær plikt å avhjelpa menneskeleg naud. Ikkje først og fremst fordi den det gjeld er ein trussel mot meg, men fordi vedkommande er eit menneske. Fordi nestekjærleiken driv oss.