Mnemosyne

Publisert dato:  19.07.2011

MNEMOSYNE var mor til dei ni musene, dei gudinnene som  i gresk mytologi var skytsgudar for kunst og vitskap. Når kunstnarar og vitskapsmenn, det var helst menn den gongen, blei inspirerte så var det musene som var drivkrafta. Dei ulike kunstartane hadde kvar sine muser som stod dei bi.

Zevs var far deira, men i denne samanhengen er mora Mnemosyne av større interesse. Namnet hennar tyder minne eller hukommelse. På den måten blir all kunnskap og kunst knyta til minnet, til det å hugsa.

På eit vis visste me dette ut frå eiga erfaring. Me visste at all kunnskap står på akslene til dei som levde før oss, slik og i kunsten. Sjølv om dei færraste fysikkstudentane i dag les Einstein er han heilt avgjerande for utviklinga av faget, slik Darwin er det for alle som driv med naturfag.

Som privatpersonar er me dømde til å hugsa. Det som eingong var er ikkje ferdig fortid når det er over. Skulle minnet forsvinna var  me ikkje lenger oss sjølve, identiteten er knyta til minnet, til det å ta med oss det som var.

Samstundes skal me vakta oss vel for å festa for mykje lit til dette minnet, det er som kjent selektivt.  Noko blir sletta, noko farga, anna sit som spikra. Nåtida er alltid med på å setja sitt preg på det som var, hukommelsen er subjektiv, men det er ikkje det same som at det ikkje gir oss nyttig informasjon.

Dette gjeld meg som privatperson og som del av eit større kollektiv. Striden om å forma fortida er ofte vel så oppheita som lysten til å forma framtida. Det skjer både  på individ og kollektivt nivå. Også nasjonen hentar sin identitet frå sin måte å forstå og fortelja fortida på.

Derfor er det livsfarleg for individ og nasjonar å gløyma kven dei er, berre den som hugsar kven ein sjølv er kan stikka ut ein farbar veg for framtida. Det var ikkje for ingenting at mor til musene, dei som inspirerte alle kunstartene, var så knyta opp til hukommelsen.

Livet er ikkje enkelt. Ingen kan vera i tvil om kor viktig minnet er, men også det kan bli ei plage. Ikkje fordi at me nødvendigvis hugsar for mykje, men fordi det me hugsar kan knyta oss så sterkt til fortida at me ikkje kjem av flekken. Fortida kan alltid idylliserast, "alt var meget bedre under krigen", song Ole Paus ironisk for nokre tiår sidan. Like viktig som det er å halda fast på det som var er det å kunna gi slepp på det som var, i alle fall deler av det.

I dette spennet mellom hukommelse og gløymsle må livet levast, men slik må også fagleg arbeid utvikla seg. Der kan bli noko nostalgisk og  nevrotisk over den som berre hugsar slik det var, men det kan også bli noko rot- og formlaust over den som ikkje minnes det som var.

I siste hand kjem det vel an på kva me hugsar og kva me gløymer og ikkje minst kva me bruker det til.

 Så må eg ikkje gløyma å ønska god sommar til dykk alle.

 Arnfinn Fiskå