er ikkje eit nytt fenomen. Så lenge det har vore menneske til har dei arbeidd for føda. Maten gav seg ikkje sjølv, i det minste måtte ein hausta inn det overskotet ein kunne henta frå naturen.
Arbeidet har gjennomgått kolossale endringar dei siste åra. På dei fleste områda er arbeidet blitt spesialisert, i nokon yrke enda tydlegare enn i andre, men trenden er den same; dei fleste av oss kan stadig meir på stadig snevrare område.
Men arbeidet er ikkje berre blitt spesialisert, det har også vore store endringar i måten å forstå arbeidet på. I vår jødisk-kristne tradisjon blei arbeidet gjerne forstått som eit resultat av syndefallet, "i ditt ansikts sved skal du spise ditt brød" heiter det i den gamle bokmålsomsetjinga av Det gamle testamentet. I denne verda er arbeidet føresetnaden for liv, slik er tilværet.
Dei gamle grekarane tenkte at kroppsarbeid var ei sak for kvinner, slavar og andre som ikkje var eigna til anna. Frie menn av bystaten skulle bruka tida si på filosofi og politikk, det var ei høgverdig sak i motsetning til simpelt kroppsarbeid.
I deler av den protestantiske tradisjonen har det gjerne vore slik at arbeidet er blitt oppfatta som eit middel mot lyster av alle hånde slag, særleg dei seksuelle. Hardt arbeid var eit eigna middel til å halda tankane borte frå det lystbetonte. I den lutherske forståinga låg det ein tanke om at arbeidet var ei teneste for nesten, utan at bonden dyrka korn, møllaren malte og bakaren bakte, ja så blei det ikkje mat på bordet. Derfor var alle nyttige yrke kallsyrke.
I fjor kom det ut ei novellesamling i USA ("Blue collar, white collar, no collar. Stories of work."). Novellesamlinga har henta tekstar heilt tilbake til 1941 og fram til vår tid. Det er tekstar som seier noko om kva arbeidet betyr, økonomisk, men også for mennesket si sjølvforståing og korleis det blir oppfatta av samfunnet . Det å mista jobben dreier seg om meir enn pengar, det dreiar seg om eit sosialt fall, om det å bli satt sidelina og ikkje bli rekna med. Ulike typar arbeid er også med på å fortelja kven du er og kva for posisjon du har.
Prof. Willy Pedersen skriv i si bokmelding i Morgenbladet: "Arbeidet bygger din personlige karakter, det former din identitet, det krever utsatt behovstilfredsstillelse, men kunne ofte by på trygghet og stabile rammer. Så ble de store selskapene enda større og stadig oftere restrukturert. Risiko, fleksibilitet, nettverk og team-arbeid ble stikkord. Du må skape deg selv på ny, hele tiden......... Det er dit eget ansvar å skape deg selv."
I ein slik kultur blir Bymisjonen sitt briespektra arbeid med å kvalifisera til arbeidslivet, bidra til at dei som held på å falla ut av arbeidslivet blir i stand til å halda på jobben, ekstra viktig. På same måten som det blir viktig å skapa meiningsfullt arbeid for dei som ikkje lenger kan vera del av det ordinære arbeidslivet.
Arbeid dreiar seg i dag om identitet og sjølvrespekt. Om det å få bidra, om at andre har forventningar til deg og du får bruka sider ved deg sjølv som ofte blei usynlege.
Det dreiar seg om menneskeverd og menneskerettar, der skal me som Bymisjon vera.
At Rogaland A-senter står på lista over arbeidsgjevarar som har gitt arbeid til papirlause og derfor blitt bøtlagt, skal me vera stolte over.